Stiftinga G-Kultur har delt ut 116.000 kroner i stønad til prosjekt i Gudbrandsdalen

Stiftinga G-Kultur har delt ut 116.000 kroner i stønad til prosjekt i Gudbrandsdalen. Stiftinga mottok 23 søknader til utlysingsfristen 1. februar, fordelt med 8 søknader på "Årets satsing" (artiklar til lokalhistoriske tidsskrift og publikasjonar) og 15 på den generelle stønadsordninga.

Gudbrandsdalslaget i Oslo sin hytte Skjennungstua i Nordmarka, bilde frå 1960-talet

På styremøtet 19. februar vart det gjeve stønad til 15 prosjekt med samla stønadssum 116.000 kr., fordelt med 46.000 kr til "Årets satsing" og 70.000 kr. i den generelle stønadsordninga. G-Kultur hadde si første tildeling av stønader i september 2015, og har til nå gjeve stønader med totalt 366.000 kr. til kulturprosjekt i Gudbrandsdalen.

Bok om Gudbrandsdalslaget i Oslo
Magnhild Bruheim har vore engasjert av Stiftinga G-Kultur til å skrive den samla historia om Gudbrandsdalslaget i Oslo (1920-2013). Boka skal vere klar frå trykkeriet innan påske. G-Kultur planlegg lansering av boka fredag 21. april på Det Norske Teatret/Bikuben.

Styrevalg
På styremøtet vart Knut Hovslien attvald som styreleiar for ein periode på to år. Karen Bleken gjekk ut av styret, og Marit Hosar, som tidlegare har vore 1. varamedlem, vart vald inn som fast styremedlem. Som ny 1. varamedlem vart vald Rønnaug Haugstad.

Gudbrandsdalslaget i Oslo sin hytte Skjennungstua i Nordmarka, bilde frå 1960-taletStiftinga G-Kultur forvaltar midlane etter Gudbrandsdalslaget i Oslo, som vart nedlagt i 2013, og har som føremål å gje økonomisk stønad til kulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen. Stønad blir gjeve både til amatørar og profesjonelle innan skapande og utøvande verksemd. Det vil bli teke ekstra omsyn til prosjekt og tiltak som har barn og unge som utøvarar og/eller målgruppe.

Kontakt for meir informasjon:

  • Knut Hovslien, styreleiar knut.hovslien@online.no / 9719 5148
  • Kjell Austin, nestleiar/sekretær kaustin@online.no / 4150 9460
  • Lars Ole Ørjasæter, kasserar lars.ole.orjaseter@getmail.no / 9085 9406

Prosjekt-tildelingar på styremøtet 19. februar 2017

Årets satsing 2017, lokalhistoriske tidsskrift og publikasjonar:

  • Odd Jan Skriubakken 5.000 kr. til artikkelserie i Fronsbygdin om gamle husmannsplassar i «Baksida» på Sør-Fron
  • Anton Løkken 3.000 kr. til artikkel i Fronsbygdin om Sigurd Berge.
  • Frida Gunn Rudi 6.000 kr. til artiklar i Fronsbygdin om pensjonatet i Øverbygda og om småbruka og gardsbruka i Øverbygda,
  • Rasmus Stauri 10.000 kr. til artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen om Hundorp Skolehjem (1943-45).
  • Fåberg og Lillehammer Historielag, 5.000 kr. til dokumentasjon av og bok om setrane i Fåberg.
  • Kristoffer Kruken 5.000 kr. til Heime og ute, bok om brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886-1932.
  • Årbok Ringebu Historielag 5.000 kr. til artikkel om matklokker i Ringebu.
  • Lesja Historielag 7.000 kr. til historiske dvd-opptak frå Lorkverna.

Totalt 46.000 kr.

Den generelle stønadsordninga:

  • Norges Husflidslag Oppland 5.000 kr. til TREseminaret på Dovre april 2017.
  • Hans Brimi og Aslak Brimi 20.000 kr. til konsertserie i samband med 100-årsjubileum for spelmannen Hans W. Brimi.
  • Heidal historielag 10.000 kr. til «Soga om Heidal Ul og lagsavisa Heidøl’n».
  • Diktardagar SA 10.000 kr, til Diktardagar 2017 i Lom, Skjåk og Vågå.
  • Ad Cantus-koret i Gudbrandsdalen, 10.000 kr. til «Jubileumsåret 2018 og vegen dit».
  • Sol i Skuggeskog 5.000 kr til CD-innspeling «Sol i skuggeskog – Den eine».
  • Anaribok/Jarnfrid Kjøk 10.000 kr. til trykking av etterlatt manusskript «Knut Kjøk, Gamle ord og uttrykk».

Totalt 70.000 kr.