Tema for seminaret i år er industrihistoria i Gudbrandsdalen. Seminaret er åpent for alle.

Tema for seminaret i år er industrihistoria i Gudbrandsdalen. Foto JN Elstad, Fotoarkivet Maihaugen

Tema for seminaret i år er industrihistoria i Gudbrandsdalen.  Fleire har ment at Gudbrandsdalen ikkje er, eller har vært eit industrisamfunn. Dette vil Gudbrandsdalsseminaret 2016 prøve å bøte på. Seminaret er åpent for alle. Du finner program og meir informasjon om seminaret på Maihaugens hjemmesider.

Programmet for Gudbrandsdalseminaret finner du her.

Industri er gruvedrift, masseproduksjon, produksjon i seriar. Historisk heng industri saman med klassesamfunn, kapitalisme og sosialisme. Men industrihistoria er eldre enn som så. Alt i jernalderen vart det produsert store volum av jern i form av barrar som handelsvare og emne smedane kunne foredle. Ikkje minst i Oppland fylke nemner arkeologane eldre tiders jernvinne med nemninga industri. Einkvan har meint at Gudbrandsdalen ikkje er, eller har vore, eit industrisamfunn. Dette vil Gudbrandsdalsseminaret 2016 prøve å bøte på. 

I dalen har primærnæringa vore ein berebjelke. Grunnlag har vorte lagt for nyskaping og industriell verksemd. Det gjeld foredling, utvikling av teknologi og rasjonalisering av drift. Eit kosthald tufta på korn drog i gang stor verksemd med hogging av kvernstein for eige bruk og som handelsvare utanfor dalen. Alt før 1900 førte overgang til auka produksjon av mjølk og kjøt til satsing på slakteri, og meieridrift stegvis fram til dagens store produksjonsanlegg på Frya. 

Lillehammer voks fram som ein industriby, og byen si historie kan ikkje forståast utan nemningar som kartong og ull. I Nord-Gudbrandsdalen har kleber og skifer ei tusenårig historie supplert med periodar med anna bergverksdrift. Framveksten av arbeidarrørsla er uløyseleg knytt til industrien på 1900-talet. 

Seminaret set også fokus på treforedling i form av sponplater og møblar basert på sterke tradisjonar i folkekunst og byggeskikk, og på vilkår som skal til for ei vidare bløming innanfor industriell verksemd i distriktet.

Påmelding sendes til Maihaugen innen 16. januar 2016. 

For spørsmål, kontakt Kåre Hosar på tlf.906 27 881