Gudbrandsdalslaget i Oslo si historie mellom to permar

Gudbrandsdalslaget i Oslo si snart hundreårige historie blir samla mellom to permar. Forfatter og journalist Magnhild Bruheim er av Stiftinga G-Kultur engasjert som redaktør for eit samla historieskrift, og ein tek sikte på at dette skal vere klart for publisering før jul i år.

I samband med 50-årsjubileet til laget i 1970 vart historia så langt trykt i Årbok for Gudbrands-dalen 1969. Denne historia var i sin tur basert på eit mindre historieskrift utgjeve i samband med 40-årsjubileet til laget i 1960. Nå blir heile historia til laget, frå 1920 og fram til 2013, samla mellom to permer.

Gudbrandsdalslaget vart stifta 2. februar 1920 og nedlagt på omframt årsmøte 31. oktober 2013. Med dette var meir enn 90 års lagsverksemd avslutta. Samtidig med nedlegginga av Gudbrands-dalslaget vart det gjort vedtak om å opprette Stiftinga G-Kultur, som blant anna skulle ta hand om midlane etter laget. Alt tilgjengeleg arkivmateriale, fotoalbum og fysiske eigedelar etter Gudbrandsdalslaget, blant anna lagsfana, vart overlevert Opplandsarkivet på Lillehammer i 2014 og 2015. Arkivmaterialet og bildematerialet er digitalisert og søkbart på den felles katalogen for alle arkiva i Norge, www.arkivportalen.no.

- Bildematerialet er svært rikt, og dokumenterer ein omfattande aktivitet både på lagshytta Skjennungstua og i laget elles, fortel Magnhild Bruheim. Problemet er imidlertid at det sjeldan vart skrive namn på dei som er avbilda. Knut Hovslien, styreleiar i Stiftinga G-Kultur, fortel at det er søkt stønad til produksjonen av historieskriftet blant anna frå kommunane i dalen. Foreløpig har Lillehammer kommune og Vågå kommune kvar gjeve stønad med 2.000 kroner.

Neste søknadsfrist er 1. september 2016.

Stiftinga G-Kultur forvaltar midlane etter Gudbrandsdalslaget i Oslo.  Gudbrandsdalslaget i Oslo vart nedlagt i 2013, og stiftinga har som formål å gje økonomisk stønad til kulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen. Stønad blir gjeve både til amatørar og profesjonelle innan skapande og utøvande verksemd. Det blir teke ekstra omsyn til prosjekt og tiltak som har barn og unge som utøvarar og/eller målgruppe. Neste søknadsfrist er 1. september 2016.

Kontakt for meir informasjon:
Knut Hovslien, styreleiar knut.hovslien@online.no, 9719 5148
Kjell Austin, sekretær kaustin@online.no, 4150 9460