Samarbeid som skaparkraft. Fylkeskulturkonferansen 2016

Ein gang i året samlar fylkeskultursjefen alle som arbeidar med og for kulturlivet. I år skal det handle om samarbeid. Konferansen foregår på Lillehammer hotell 20.-21. oktober 2016.

Kultursjefar, institusjonar, ordførarar, kunstnarar, kulturarbeidarar osv. er invitert. Samarbeida er mange, på tvers av fag og på tvers av forvaltningsnivå.

Samarbeid som skaparkraft

Og nettopp samarbeid er overskrifta på årets konferanse - samarbeid som skaparkraft. Ein vil møte menneske, prosjekt og høyre historier om kva som gjer samarbeid kraftfullt. Eller kanskje nettopp ikkje? Konferansen arrangerast av Kulturenheten i Oppland, i samarbeid med Regionalenheten, Kulturarv og Fylkesbiblioteket.

Meld deg på Fylkeskulturkonferansen 2016

Påmeldingsfrist 6. oktober.

Sjå heile programmet for utfyllande info
Last ned programmet som pdf

Foredragshaldarar

Dette er nokre av dei du vil høyre på konferansen:

Hallgrim Hansegård - Frikar

Kunstnarleg leiar Hallgrim Hansegård stifta Frikar i 2006 for å gje folkedans og andre subkulturar større kunstnarlege moglegheiter. På konferansen får me eit møte med personen, kunstnaren og gründeren Hallgrim Hansegård som tek oss med inn i kunstnarskapet, prosjektarbeid og visjonar. Hjemmeside.

Siv Sviland Høye i TIMBR AS og Ingebjørg Skaare i Snøhetta AS

TIMBR AS samarbeidar med Snøhetta om korleis dei skal utvikle gudbrandsdalsgården Høye gård til å bli internasjonal arena for leiarutvikling. Kvifor samarbeide med Snøhetta og er det mogeleg å satse så stort i Gudbrandsdalen? Ved Siv Sviland Høye i TIMBR og Snøhetta AS ved Ingebjørg Skaare. Hjemmeside.

Ole Hamre - Fargespill

Fargespill i Bergen debuterte med stor suksess under Festspillene i Bergen i 2004. Sidan den gang har Fargespill hatt rundt 150.000 i publikum, gitt ut bok og delteke på spelemannsprisen. Kunstnarleg leiar Ole Hamre kjem til fylkeskulturkonferansen og fortel om korleis det musikalske møtet med unge menneske og deira historier om kven dei er og kvar dei kjem frå, avdekka gjennom musikk og dans frå deira respektive land, påverkar publikum og deltakarane. Hjemmeside.

Eirik Newth - Tankar om kulturen si rolle og framtid

Eirik Newth er ikkje redd for å kaste seg på djupt vatn og han gjer det med dødsforakt og entusiasme. Han prøver å forstå framtida gjennom å tolke dei breie drivkreftene og megatrendane som formar vår tid - og tiåra som skal komme. Det blir spanande å høyre kva tolkingar han gjer på kulturen sine vegne. Hjemmeside.

Mona Myrland - Next practice! 

Kunnskap, skaparlyst og innovasjon er viktige stikkord for biblioteka. Kva er eit bibliotek i dagens samfunn, og korleis kan vi utvikle oss vidare gjennom nye samarbeidsformer? Ved Mona Myrland, fyrverkeriet bibliotek. Hjemmeside.

Se hele programmet her.