G-Kultur støttar barn og unge

Fleire kulturprosjekt for dei yngste får støtte i andre tildelingsrunden frå Stiftinga G-Kultur. G-kultur forvaltar midlane etter Gudbrandsdalslaget i Oslo og gjev stønad til amatørar og profesjonelle innan skapande og utøvande verksemd.

- Vi er svært glade for støtta, som gjer at barn og unge får oppleve enda meir litteratur, seier Anne-Thea Langvik Haavind. Ho leiar Pegasusprogrammet i Norsk Litteraturfestival, som er blant dei seks som får penger.

Forvaltar midlane etter Gudbrandsdalslaget i Oslo
Stiftinga G-Kultur forvaltar midlane etter Gudbrandsdalslaget i Oslo, som vart nedlagt i 2013, og har som føremål å gje økonomisk stønad til kulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen. Stønad blir gjeve både til amatørar og profesjonelle innan skapande og utøvande verksemd. Det vil bli teke ekstra omsyn til prosjekt og tiltak som har barn og unge som utøvarar og/eller målgruppe.

16 søknader til fristen
Det kom inn 16 søknader til fristen ved andre tildelingsrunde av midlar frå Stiftinga G-Kultur.  Etter ein grundig gjennomgang har styret vedtatt å gje stønad til seks prosjekt, med samla stønadssum 55.000 kroner, forteller styreleiar Knut Hovslien.

Pegasusprogrammet, som i hovedsak rettar seg mot barn og unge mellom 3 og 18 år, får 20.000 kr.
- Dette er tiande året vi har Pagasusprogram i samband med Litteraturfestivalen. Vi har arrangement gjennom heile året i form av kurs, verkstader, konkurranser og andre aktiviteter. Tilboda kulminerer under festivalen (24.-29. mai) gjennom forfattarmøte, prisutdelingar, framsyningar og tekstlesing, seier Langvik Haavind. Pegasusprogrammet hadde i overkant av 10 000 publikummere i 2015.

Dei andre prosjekta som får stønad i denne omgangen er:

  • Aslaug Høydal 100 år v/Sigrun Eide, 10.000 kroner  til diverse arrangement i samband med  100-årsmarkeringa.
  • Ringebu Historielag v/Olaug Widme, 5.000 kroner til utstillinga «Skolehistoria i Ringebu fram til 1940».
  • Lokal kvedargruppe for Norsk Kvedarforum v/Jarnfrid Kjøk, 10.000 kroner  til «Barn i lokal songarv 2016».
  • Norges Husflidslag v/Husflidskonsulenten i Oppland, 5.000 kroner til «Verkstadtilbod for barn og unge på TREseminaret på Dovre 2016».
  • Heidal historielag v/Per Prestgard og Gustav Ekre, 5.000 kroner til arrangement i samband med «Kristian Prestgard – eit 150-årsminne».

 

Den første store tildelinga frå Stiftinga G-Kultur hausten 2015 var 100.000 kr til Tor Jonsson-året 2016, med opningsarrangement i Lom 21. mai. Neste søknadsfrist i G-Kultur er 1. september 2016.

Kontakt for meir informasjon:

    • Knut Hovslien, styreleiar, knut.hovslien@online.no; 9719 5148
    • Kjell Austin, sekretær, kaustin@online.no; 4150 9460

Kontaktinformasjon til dei prosjekta som har fått stønad:

  • Norsk Litteraturfestival
  • Anne-Thea Langvik Haavind 9186 6675 
    anne-thea@litteraturfestival.no 
    www.litteraturfestival.no
  • Aslaug Høydal 100 år,
    Sigrun Eide 4150 4309
    sigeide@online.no 
    https://aslaughoydal.wordpress.com/

  • Ringebu Historielag,
    Olaug Widme 4806 8441 
    olaugwidme@gmail.com
  • Lokal kvedargruppe for Norsk kvedarforum,
    Jarnfrid KJøk 9188 1991 
    jarnfrid@online.no
  • Norges Husflidslag v/Husflidskonsulenten i Oppland,
    Brita Rusten Åmot 9710 1920 
    oppland@husflid.no
    www.treseminaret.com
  • Heidal historielag,
    Per Prestgard 4739 7513  
    per.prestgard@gmail.com