Stiftinga G-Kultur forvaltar midlane etter Gudbrandsdalslaget i Oslo, som vart nedlagt i 2013, og har som føremål å gje økonomisk stønad til kulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen.

Stiftinga G-Kultur forvaltar midlane etter Gudbrandsdalslaget i Oslo, som vart nedlagt i 2013, og har som føremål å gje økonomisk stønad til kulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen.

Driv du kulturaktivitet knytta til Gudbrandsdalen, har du på ny sjansen til å få stønad. 1. februar går fristen ut for andre runde til å søke om stønad frå G-Kultur. Stiftinga G-Kultur har to årlege søknadsfristar, 1. februar og 1. september. Søknadene blir behandla på styremøte i G-Kultur, og svar på søknad kan ventast i løpet av seinast 30 dagar etter søknadsfristen. G-Kultur har avgrensa med midlar til utdeling, og søkarar blir derfor oppfordra til å sette seg inn i retningslinjene for stønad. Stønadsbeløp og kor mange prosjekt som årleg får støtte, vil variere.

Årets satsing

G-Kultur kan på eige initiativ gje stønad til prosjekt og tiltak ein finn særleg interessante, som «Årets satsing». For 2016 har G-Kultur tidlegare gjeve stønad med 100.000 kroner til hundreårsmarkeringa for forfattaren Tor Jonsson. Dette er ei markering som blir organisert av Tor Jonsson-laget i samarbeid med ei rekke aktørar. G-Kultur tek sikte på å avsette midlar til «Årets satsing» også i åra 2017-2020, og er såleis interessert i innspel til aktuelle tema for desse satsingane. Kommunar, lag og organisasjonar og enkeltpersonar m.fl. er velkomen med slike innspel.

Avslutning i 2020

Styret i G-Kultur har vedteke at verksemda i stiftinga skal avsluttast i 2020. Det vil da vere 100 år sidan Gudbrandsdalslaget i Oslo vart stifta.

Kontakt for meir informasjon:

Knut Hovslien, styreleiar knut.hovslien@online.no; 9719 5148
Kjell Austin, sekretær kaustin@online.no; 4150 9460

Stiftinga G-Kultur forvaltar midlane etter Gudbrandsdalslaget i Oslo, som vart nedlagt i 2013, og har som føremål å gje økonomisk stønad til kulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen. Stønad blir gjeve både til amatørar og profesjonelle innan skapande og utøvande verksemd. Det vil bli teke ekstra omsyn til prosjekt og tiltak som har barn og unge som utøvarar og/eller målgruppe.

Les meir: www.g-kultur.no

Epost: post@g-kultur.no