Ærespris til folkemusikk-formidlar Nils Rogn under årets Jørn Hilme-stemne

Organisasjonsmenneske og folkemusikkven Nils Rogn (nummer to frå venstre på bildet) er tildelt Haldor Røynes ærespris for 2018. – Prisvinnaren er ein lagspiller av stort format og har vore leiande som organisasjonsmenneske, lagspiller, deltakar, trivselsfaktor og inspirator i folkemusikkmiljøet i mange år, heter det blant anna i grunngjevinga frå årets komité, som består av Ole Aastad Bråten , Magny Karlberg, og Andris Kvam.

Prisen vart delt ut torsdag kveld i kulturhuset på Fagernes under Jørn Hilme-stemnet, i forkant av framsyninga «Dei gamle er eldst».

I statuttane heiter det at prisen skal delast ut til «valdrisar som har arbeidd effektivt for folkemusikk og bygdedans». Og Nils Rogn har sidan 80-talet bidrege til ei rekke store arrangement og vore heile folkemusikkmiljøet sin ven og trivselsfaktor. Sjølv meiner prisvinnaren at prisen må delast med fleire. - Eg ser på det som ein liten honnør til alle som har vore med og bidrege oppigjennom, seier han.

Sentral i Valdres folkemusikklag

På 80-tallet var Rogn sentral i arbeidet med å få på plass nye retningsliner og nytt namn for «Folkemusikknemnda for Valdres», som då skifta namn til «Valdres folkemusikklag». Sidan den gongen har Rogn hatt ei rekkje oppgåver i laget, både som leiar for Jørn Hilme-stemnet og som representant i hovudutval og underutval. På 80-tallet var han med og drog i gang att Valdreskvelven spelemannslag, som no fekk namnet «Valdreskvelven spel- og dansarlag». Her var han leiar i fleire år.

Ein drivkraft for spelemannskule

I 1988 var han leiar for Valdres folkemusikklag. Året etter var Nils Rogn vertskap for EBU-festivalen på Fagernes. I 1996 var han leiar for Landsfestivalen i gamaldans på Fagernes og han var ein av drivkreftene til at ei «spelemanskule» for elevar i vidaregåande skule kom på plass. Formidling av folkemusikk har vore ei viktig side ved Nils Rogns virke.

Framleis svært aktiv

På 80-talet var han også ein sentral formidlar av folkemusikk i Valdres Radio og i nyare tid har han bidrege til utgjeving av dvd- og cd-plater, mellom anna ein dvd i 2010 med arkivmateriale frå Jørn Hilme-stemnet. Og framleis er han ein aktiv bidragsytar – Eg skal vera både vakt og programleiar på årets stemna, forteller den aktive 64-åringen.

Foto: Terje Kongsrud