Dansen var ikkje daud likevel

Kronikk av Knut Aastad Bråten (1976) medlem av referansegruppen for folkedans i Innlandet. Bråten er også kulturhistorikar, folkemusikar, reisebokforfattar og dagleg leiar i Valdres Folkemusikkarrangement på Fagernes.

Gamaldansen på lokalet forsvann ut av mange bygdelag ein gong på 90-talet og vart erstatta av mykje anna. Skal vi ta han opp att?

Lyden frå feststemte menneske blandar seg med tonane frå orkesteret. Dampen frå sveitte bygdefolk slår imot meg som ein vegg straks eg er innomhus. Før eg veit ordet av det, har ein ukjent gripe fatt i meg. No duvar vi bortover parketten.

Her er dei som det går gjetord om, dei som dansar så fint, og som sopar med seg smått og stort når dansen blir vill. Her er dei som sjeldan dansar, som slit med takta, men som tappert held ut. Og veggpryden nedst i hjørnet. Kanskje lærte han aldri å danse. Eller han var for beskjeden? Så mange nedturar.

folkedans

Foto: Jørn Hilme/Cathrine Dokken

Danselokalet er samlingsplass på tvers av generasjonane – ikkje berre for dei som er glade i å danse, men for dei som finn meining i det sosiale samværet. Nedst i kroken har karane samla seg. Dei snakkar om arbeidet på garden, og eitt og anna kvinnfolk, vil eg tru. Her er ho som har nytt å fortelja frå ekteskapsfronten, og han som aldri seier eit ord, men som likevel høyrer med. Dei er her, alle saman.

Dansen på lokalet er katalysator for det meste. Sansane, til dømes. Eimen av kaffi og kringle, røykelukt og etterbarberingsvatn, tonar frå eit trekkspel og praten frå dei som er til stades. Var det i ein stille vals han kjende pulsslaga frå eit anna menneske som ville noko meir?

Ein gong vart det dansa gamaldans på dei fleste ungdomshus og forsamlingslokale rundt om i landet. Inntil dansen forsvann ein gong på byrjinga av 90-talet. Plutseleg skulle vi ikkje danse meir. Ikkje slik vi ein gong hadde gjort. Nye trendar i tida tok glansen frå gamaldansen. Sette han på gangen, så å seia. Populariteten sokk som ei loddsnor.

Folkedans Jørn Hilme

Foto: Jørn Hilme/Cathrine Dokken


«Du skal få 50 kroner om du blir med.» Eg er 15 år. 90-talet står for tur. Mor vil at eg skal lære meg å danse gamaldans. Ei ungdomsgruppe, «Valdrestakt», er midt i blinken, meiner ho. Økonomisk pressmiddel frå foreldre hjelper sjeldan på dei som ikkje vil, eller som leitar etter rytmen i eigen kropp, i eige liv. På Fagernes har ei dame frå byen etablert eit dansestudio med nye, fengjande rytmar. Jazz og hiphop. Alt som kan minne om TV-serien Fame, og som får mine eigne heimlege dansetonar til å bleikne. 80- og 90-talet er brytningstid for det meste, og for dei fleste. På bygdehotell og høgfjellshotell byr utanlandske danseband opp til nye takter med blinkande lys i mørke lokale. Nokon har skjønt korleis det heile skal gjerast, men ikkje alle. Godt at lyset er dempa.

Eit forsiktig ungdomsopprør erstattar jazzballetten med eit dansevakuum i nokre år – og etter kvart ei ny reise. Ein gamal onkel lærer meg dei fyrste tonane på langeleiken. «Du veit, det er musikken og gleda ved den som er det viktigaste», seier han. Eit nytt musikalsk spor er i ferd med å etablere seg.

Sidan då har folkemusikken og folkedansen vore heimen min. Eg har brukt det meste av tida mi her, som utøvar på konsertar og lærar i kulturskulen, som dugnadsarbeidar i spel- og dansarlag, som medlem i råd og utval, og i dag som dagleg leiar i Valdres folkemusikkarrangement. Eg har prøvd å forstå kjernen i folkemusikken og folkedansen – og gamaldansen, sjå han i samanheng med andre ytringsformer, sjå han som lekk i ein kultur i stadig endring. Kanskje finn vi forklaringane til gamaldansdauden også i vårt eige heimlege miljø?

Jørn hilme Eva Karlson

Foto: Jørn Hilme/ Eva Karlsson


Nye trendar har utfordra og utvida folkekulturen til alle tider. Folkekulturen er aldri statisk, men fleksibel og raus og tek opp i seg det som til kvar tid måtte passe inn. Samstundes finst veremåtar, tenkemåtar og haldningar i folkekulturen som har bidrege til å plassere gamaldansen på gangen, så å seia. I einskilde område har kunstige skilje i folkekulturen, mellom dei eldste og mest autentiske danse- og speleuttrykka og mellom nyare danseformer, til dømes gamaldansen, vore med på å etablere ei splitting og todeling av miljøet, mellom dei som demonstrativt likar det eine, men ikkje det andre. Eit folkekulturens A-lag og B-lag. Kulturuttrykk med høg verdi og uttrykk med låg verdi. I andre delar av landet har dei klart å sameine mangfaldet av folkelege danse- og speleuttrykk, sett alt under eitt. Har vi oss sjølve å takke for at gamaldansen har forsvunne ut og vekk?

I 2008 skreiv Noreg under på Unesco-konvensjonen om immateriell kulturarv, som enkelt sagt betyr at Noreg skal ta ansvar for den delen av kulturarven som ikkje er konkret – det vil seia kunnskapar og praksisar som vi gjer. Danse, til dømes.

Enno står det att mykje før politikarar gjer fine ord om styrking og bevaring av den immaterielle kulturarven om til faktisk politikk. For medan konvensjonar støvar ned i skuffer og skåp, forsvinn han bit for bit. «Folkekulturen klarar seg jo alltids», høyrer eg stundom – som om folkekulturen er noko evig som berre er der, og som uansett fiksar seg sjølv. Trudde du. Vilkåra for folkekulturen er ikkje slik dei ein gong var. Folkekulturen treng draghjelp på linje med alle andre uttrykksformer. Dei som enno kan dansen, blir stadig færre – og eldre. Og difor trengst kunnskap og medvit om han – i skulen, i lokalt byråkrati, blant politikarar og i samfunnet elles.

Pengar gjer mykje, medvit gjer meir. Det finst ingen heimlar til å pålegge nokon som helst å danse dansar som dei strengt tala ikkje har interesse av å danse. Like fullt ber dansen i seg ei kulturell kraft, ein kjerne som det er verdt å finne tilbake til. Som vi har godt av, og som vi treng.

Kulturen verkar og påverkar oss på mange måtar. Bak og under eit nett av finmaska dansesteg finst kvalitetar som ser dansen i ein større samanheng, som set han under ein større himmel. Å danse har fyrst og fremst stor betydning for oss – som menneske. I det sosiale samværet i dansen møtest menneske på tvers av kroppslege føresetnader og sosial bakgrunn. I det kroppslege nærværet med dansepartnaren lærer du deg å ta omsyn, og å vise omsorg for eit anna menneske.

Strukturen i gamaldansen og resten av folkemusikken og folkedansen er sosial og høgst uformell. Kanskje fell det ein kommentar om korleis dei dansar og korleis det helst skal gjerast. Men det stikk sjeldan djupt, og sjølv om kommentarane sit laust, er dansen på lokalet fyrst og fremst å sleppe seg laus, å fri seg frå kroppslege og andre utfordringar, å våge seg utpå, ein måte å ha det moro på. Så får det stå si prøve om takta er rett eller ikkje.

Kva må til for å sikre gamaldansen for framtida? Konkrete satsingar og initiativ hjå dei som arbeider med han i kvardagen, men òg tilskotsordningar og såkornmidlar som på kvar sine måtar kan bidra positivt hjå dei som står midt i kulturen, og som kjenner eit ansvar for å sikre han for ettertida, eller utdanningsløp og studieplassar for dei som vil arbeide med dansen som kunstnarar eller vil arbeide med han i ein organisasjon. Eit døme: I Innlandet fylkeskommune ynskjer politikarane no ei særleg satsing på folkedans. Ei referansegruppe har vore i arbeid. Ei sak blir i desse dagar løfta opp til politisk handsaming. Så spørst det om politikarane finn pengar når alt kjem til alt.

Den sosiale samværsdansen er daning og sosial utvikling – og eit takksamt kvileskjer og korrektiv til ei stadig meir einsformig, individualisert og digital verd som tek frå oss tida. Dessutan er det godt å verke saman med andre menneske, få lov til å delta på eigne premissar utan å bli gjorde til passive konsumentar eller tilskodarar, anten det er musikalske tevlingar på TV, utstillingar i galleri eller konsertar av alle format.

Krafta i dansen og i kulturen ligg ikkje i dansen åleine, men i summen av alt som dansen fører meg seg. Skal vi ta ein dans?