Draumefangaren i Åbjørajuvet

Denne siste helga i juli og første helga i august, inviterer dansekompaniet FRIKAR endå ein gong til framsyninga «Draumefangaren», som går føre seg i Valdres, i Åbjørajuvet, i og omkring elva med om lag det same namnet. Foto: Antero Hein

Når ein høyrer ordet dansevisning ser ein ofte for seg ei scene med dansarar og ein sal med publikum. Dansarane beveger seg og publikum ser på. Dette snur FRIKAR på hovudet under den interaktive vandrevisninga Draumefangaren. I tillegg til dansarar er installasjonskunst, tøyakrobatikk og musikk ein viktig del av den heilskapelege opplevinga. Langs elva Åbjøra skal publikum vandre gjennom skogen på ein sti dei vel sjølv og ta seg forbi spanande kunstinstallasjonar og naturens eigen scenografi. Nokre gonger inviteres friviljuge i publikum til å ta del i aktiviteten for å drive draumen vidare. Finalen for visninga er i det spektakulære Åbjøra-juvet, der publikum og kunstnarar forenes i ei unik framsyning ved fossen.

Inspirert av norrøn mytologi og Balders draum

Handlinga i framsyninga er inspirert av Balders draumar. – Balders draum handlar om syndeflod og ragnarok, men også om ein lykkeleg slutt, forteller koreograf Hallgrim Hansegård. Hovudpersonen i årets framsyning, spela av Ola Bordewich frå Garthus, er med mora over eit hav i juvet i elva Åbjøra. Han sovnar i fanget hennar. Så blir han trekt opp i lufta av to edderkopper. Han opplever både ragnarok og nytt liv.Alt får ein lykkeleg slutt, er alt Hallgrim vil røpe. Nokre overraskingar må publikum få oppleve der og då.

Miljøfokus og samtidskunst

Hansegård peker på at Draumefangaren dreier seg om opplevingar og eksperimentell samtidskunst gjennom nyskapande koreografi og dans - ute i Guds frie natur, med minst mogleg ressursbruk og påverknad på omgjevnadene.

– Vi tenkjer at folk har ein draumefangar i hovudet, ein slik som indianarane lagar, med tråder som skal hjelpe til med å fange draumen. I framsyninga kan dei vandre gjennom 24 stasjonar og danne sin eigen draum, seier Hallgrim.

Alt i naturen henger sammen

Framsyninga byr på rundt tre timar med opplevingar for publikum, utan bruk av kunstig lys. Til saman er om lag 100 personar involvert, dansarar, akrobater, musikarar, sikringspersonell og frivillige.

– Draumefangaren er meint som eit slags statement, ingen inngrep i naturen, bruk av gamle stier, ikkje kunstig lys, tau som blir brukt oppatt og så vidare. Budskapet i framsyninga er også svært sentrert om miljøet, framhevar Hallgrim. Ingenting er betre enn å vandre i naturen og samtidig oppleve kunstnarlege impulsar i verdsklasse. Draumefangaren skal inspirere til å skjerpe sansane og utvikle fantasien i samanheng med naturen. Alt i naturen heng saman, slik som i ein draumefangar. Om du rører ei maske skjer noko med heile draumefangaren. Vi må difor passe på naturen, og forsterke han i staden for å bryte han ned, avslutter Hallgrim Hansegård.

FRIKAR - eit av Noregs leiande dansekompani

Draumefangaren er koreografert av kunstnarleg leder i FRIKAR dansekompani, Hallgrim Hansegård og går 26.juli-4.august i Åbjøra, Valdres. Publikum tar del i visninga. FRIKAR er stifta av Hallgrim Hansegård i 2006 og held til i Valdres i Oppland fylke. Kompaniet kombinerer samtidsdans med gamle norske tradisjonar og er det leiande dansekompaniet i Noreg innen dette. Sida oppstart har kompaniet turnert i 32 land og har motteke mange gode kritikkar i både nasjonale og internasjonale tidsskrift. Hansegård har vunne fleire film- og koreografipriser både nasjonalt og internasjonalt, og vart i 2017 fyrste koreograf som mottok Anders Jahres Kulturpris. FRIKAR X er eit profesjonelt dansekompani med nasjonalt talentprogram for nyutdanna bevegelseskunstnarar. Programmet er også Talent Norge si fyrste satsing i det frie dansefeltet. Programmet har 15 unge profesjonelle dansarar, dei fleste frå ulike bevegelsestradisjonar.

Alle foto: Frikar / Draumefangaren

Framsyninga er støtta av Oppland fylkeskommune

Sjå trailer her.