Innlandet fylkeskommune og Høgskulen i Innlandet samarbeider om skuleutviklings- og forskingsprosjektet Kunsten å lære (KÅL). Vil du være med å skape framtidas læringsformer? Då må du melde din interesse seinast 22. februar 2021.
Bilde: Representanter for prosjektgruppa frå Innlandet fylkeskommune: (f.v.) Mariann Bjelle, Marie Othilie Hundevadt og Sebastian Blomli. Foto: Kyrre Dahl
Forskingsprosjektet Kunsten å lære (KÅL) blir gjennomført i 1. og 2. trinn i grunnskulen og går over skuleåra 2021/2022 og 2022/2023. KÅL søkjer etter ein eller to kommunar som ønskjer å delta med sin/sine grunnskular. Lillehammer og Øyer kommunar skal delta og prosjektet ser spesifikt etter kommunar som ligg i andre regionar i Innlandet.
Barn ved Fåvang skole tegner med sansene. Foto: Ann Elisabeth Grøtli
Bli med og utvikle ny kreativ læringskompetanse
- Ved å delta i prosjektet får ein utvide og utvikle kompetansen i kreative læringsprosessar der elevane er fysisk, psykisk, sosialt og intellektuelt aktive. Ein får vere med på å teste ut nye måtar å jobbe med fagfornyelsen, der kunst er metoden, seier prosjektleiar for KÅL i Innlandet fylkeskommune, Marie Othilie Hundevadt.
Skulane vi søkjer etter:
Målsetjinga til prosjektet
Prosjektet har som målsetting å utvikle nye læringsformer og skape ny forskning gjennom å undersøkje om eit to år langt, mangfoldig, kunstbasert læringsopplegg i skulen kan ha positiv effekt på borna si utvikling av dei eksekutive funksjonene (EF). Dei eksekutive funksjonane består av fleire element som verkar saman:
Førsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet, Ulrika Håkansson, er klar på kvifor dei legg stor innsats i og tek del i prosjektet.
- Vi vet at eksekutive funksjoner er svært viktig for hvordan barn tilegner og bruker kunnskap og at veldig mange barn vil dra nytte av kreative, innovative måter å lære. Prosjektet Kunsten å lære kan legge til rette for styrking av barnas kapasiteter på tross av ulikheter i en barnegruppe.
Gjennomført pilot-studie
Ein gjennomførte i 2018-2019 ein pilot, der ein stilte følgjande spørsmål, "Kan kunst være nøkkel for utvikling av eksekutive funksjoner hos barn?" Resultata var oppløftande på kunstfaga sine vegne og gav indikasjonar på at kunst i skulen kan ha stor positiv verknad på læring.
Har du spørsmål eller vil melde interesse?
Ta kontakt med prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt på telefon 402 84 305 eller e-post marie.othilie.hundevadt@innlandetfylke.no seinast 22. februar 2021.
Kunsten å lære (KÅL) fekk tildelt 5,7 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB og Erasmus+ i desember i fjor. Les heile saka her.
Fakta om Kunsten å lære - KÅL
Politisk behandling 24. februar 2021
Prosjektets mandat og organisering, samt fylkeskommunens egeninnsats i prosjektet skal opp til politisk behandling i utvalg for kultur den 24. februar 2021. Etter dette møtet vil de endelige rammene for prosjektet være avklart og fastsatt.