Øystreslidringane dansar best! Nær 10 000 besøkte Hilme-stemnet

Rett oppunder 10 000 publikummarar besøkte konsertane og kappleiken under Jørn Hilme-stemnet i år. Solefallskonserten på Jaslangen drog 1500 åleine, dessutan var besøket på Valdres Folkemuseum laurdag kveld høgare enn det har vore på mange år.

Det høge besøkstalet skuldast nok ikkje berre at festivalen er flytt to veker fram: Sommarnettene på Valdres folkemuseum var visst endå lysare og vakrare denne gongen enn dei brukar vera.

Hilmestemne ValdresFoto: Carina Gjelsvik
Mye folk i amfiet på Valdres folkemuseum på konsert med Sigrid Moldestad

Mye folk på konsertane

Laurdag drog Sigrid Moldestad med band folk til amfiet på Valdres folkemuseum. Også intimkonsertane på museet er populære. Denne kvelden kunne publikum m.a. møte kvedarstjerner som Kirsten Bråten Berg og Ingvil Marit Buen Garnås på kloss hald, i tillegg til hardingfelenerdane Anders E. Røine og Ånon Egeland.

moldestad og ban

Foto: Anne-Marte Før/Lukkeleik
Sigrid Moldestad med band fylte amfiet på Valdres folkemuseum lørdag kveld.
Storinnrykk på Jaslangen.

Lågmælte konsertar

På den overraskande lågmælte sida var også ein akustisk konsert med Tuva Syversen og Erik Sollid frå Valkyrien. Høyne-skulehuset var ikkje stort nok til å romme alle som ville høyre på Tuva og Erik, men med opne glas og turr grasbakke kunne andektige lyttarar få med seg musikken likevel.

Hilme stemna dansFoto: Anne-Marte Før/Lukkeleik

Øystreslidringane dansar best

Under kappleiken på Hilme-stemnet viste øystreslidringane at dei er vanskelege å slå på dansegolvet. Stian Roland og Tone Voldhaug vann seniorklassen for pardans, medan Erland Voldhaug og Ingrid Svennæs vann juniorklassen. Sigeren i lagdans? Øystre Slidre spel- og dansarlag, sjøIvsagt.

I juniorklassen for hallingdans gjekk ein strålande fornøgd Julian Stensrud heilt til topps. Langeleikspelar Ingvild Lie vann klassen for eldre folkemusikkinstrument senior, og Borghild Håvardsdotter Dalbø juniorklassen.

Felespelarane måtte sjå seg slegne av utanbygds gjester; i seniorklassen kom Jan Beitohaugen Granli og Sivert Holmen på 2. og 3. plass bakom Alexander Aga Røynstrand frå Hardanger Spelemannslag. I junorklassen Vann Trygve Liahagen frå Hedmark Juniorspellmannslag framfor valdris Sindre Tronrud.

hilme jaslangen

Foto: Anne-Marte Før/Lukkeleik
Hekla Stålstrenga på Solefallskonsert. 1500 publikummarar. Suksess i år også – det kryr i lyngen og tonane går til himmels. Hekla består av fem etterspurde musikarar, Ragnhild Furebotten, Ole-Jakob Larsen, Anne Nymo Trulsen, Trond-Viggo Solås og Tore Bruvoll.
 

Fornøgd dagleg leiar

- Eg er rett og slett veldig fornøgd med avvikling av dei rundt 70 arrangementa våre denne veka, og eg hadde fleire store konsertopplevingar. Eg er også full av takksemd over kva frivillige bidreg med. Nokon planlegg og riggar i lang tid, medan andre kjem med rundstykke til frivilligkantina vår. Det er ei vilje til både arbeid og omsorg for å få til arrangementet. Det gler meg stort, seier dagleg leiar Ellen Persvold.

Folkefesten laurdag eit høgdepunkt

Høgdepunkta har stått i kø og det er sjølvsagt vanskeleg å velja, men  på spørsmål om dagleg leiar Ellen Persvold  kan nemna nokon seier ho: - Det har vore mange høgdepunkt, men folkefesten på museet laurdag med fullt amfi var klart eitt av dei. Elles fungerer familiekonseptet vårt, Småfolk, veldig godt med eiga konsertrekkje og kurs i Ministrunk og Mikrostrunk. Og så fekk eg med meg gledeleg mange konsertar, legg Persvold til.

Solefallskonsert JaslangenFoto: Anne-Marte Før/Lukkeleik
Solefallskonsert på Jaslangen. 1500  publikummarar i lyngen.

Publikum i alle aldrar

Og publikum strøymde til. Faktisk litt fleire enn tidlegare år.
- Publikummet vårt er kanskje det mest samansette på festivalfronten i Oppland både i alder og interesse. Tilreisande festivalgjengere, hyttefolk, lokale folk og turistar; Det er ein herleg miks - òg i alder. Vi har publikummere frå 0-90 slik folkemusikkfeltet har tradisjon for, avsluttar dagleg leiar Ellen Persvold.

Ingressfoto: Carina Gjelsvik