Nær ti tusen på Jørn Hilme-stemnet i Valdres

Folkemusikkfestivalen Jørn Hilme-stemnet vart arrangert i dagane 5. - 12. juli 2019. Den fornøgde festivalsjefen Ellen Persvold kunne rekne 9800 besøkjande på arrangementa. Mellom dei mest populære postane var urframføringa av eigenproduserte framsyninga På Pynté, fjellkonserten med Jonas Fjeld og Kvarts, og sommarkveldane med dans og intimkonsertar på Valdres Folkemuseum.

Ti tusen besøkte Jørn Hilme stemnet

Jørn Hilme-stemnet vart etablert i 1960 og er den eldste folkemusikkfestivalen i landet. Folkemusikeren Jørn Hilme (1778-1854) - ein storspelemann frå Ulnes i Nord-Aurdal - har gitt namn til festivalen. Kvart år har festivalen ei eiga festframsyning og eit eget tingingsverk. Årets tingingsverk er produsert i samarbeid med Riksscenen for folkemusikk og folkedans. Framsyninga har fått namnet; På Pynté. Namnet på framsyninga skriv seg sjølvsagt frå den særs dugande langeleikspelaren og tradisjonssamlaren Berit på Pynté (1812-1899) frå Vestre Slidre. Edvard Grieg blei inspirert av henne, Ludvig Mathias Lindeman skreiv ned seksten av slåttane hennar. Og ho var ein av mange viktige aktørar i dansedokke-tradisjonen.

Tingingsverket På Pynté

På Pynté er både musikk, tekst og dans, skapt av dei medverkande langeleikspelarane og dei to dansarane, tekstforfattar Alice Gudheim, rådgjevar Bent Åserud og produsent og regissør Ellen Persvold. Noko av musikken er tradisjonsmusikk, noko nyarrangert - og ikkje minst er mykje heilt nyprodusert som tingingsverk. Men verket heidra ikkje berre langeleiken. Det løfte og fram igjen tradisjonen med dansedukkar. For styrt av tynne trådar, dansa dei vakraste og raraste dansedokker duett med musikarane og dei to dansarane på scena.

- Eg er stolt av å kunna presentera ei heilt ny framsyning med produksjonen På Pynté, seier festivalsjef Ellen Persvold, som også har regien på framsyninga. Kvifor ein oppsetting med særleg fokus på langeleik? - Langeleiktradisjonen står sterkt i Valdres, og det er aldri tidlegare laga ei framsyning dedikert til langeleiken.

Kursa i folkemusikk og dans er populære

Festivalen dreg mykje tilreisande publikum, også på grunn av dei populære kursa i folkemusikk og dans. Meir enn 250 barn og vaksne har delteke på kurs av ulike slag. På det femdagars ungdomskurset Strunkeveko møtest ungdom frå store deler av landet for å utvikle seg innan spel og dans og knyte band til andre med same interesser.

Alexander Aga Røynstrand til topps i kappleiken

Heilt til topps i kappleiken gjekk Alexander Aga Røynstrand frå Hardanger spelemannslag. Han vann også klassen for hardingfele/vanleg fele. I vokalklassen vann Stian Johan Roland frå Øystre Slidre spel- og dansarlag. Saman med Tone Voldhaug tok han også dobbelsiger i klassen for pardans med ein springar og ein bonde frå Valdres. Langeleikspelar Ingvild Lie frå same laget vann klassen for eldre folkemusikkinstrument og gjekk saman med Knut og Ole Aastad Bråten også til til topps i klassen for samspel av alle slag. Talet på deltakarar i kappleiken var høgare enn på mange år. Stor deltaking i juniorklassen stadfestar posisjonen til Hilme-stemnet som ein av dei viktigaste arenaene for rekruttering innan folkemusikk og -dans.

Torleiv Bolstads minnestipend vart i år tildelt Jørgen Andrisson frå Vang.

Foto:
Bilde 1,2, 3 og 4 i bildekarusellen: Terje Kongsrud /Oppland fylkeskommune
Alle øvrige bilde: Fotograf Ingvil Skeie Jones / Jørn Hilme-stemnet.

Les om Jørn Hilme-stemnet her.

Jørn Hilme-stemnet er støttet av Oppland fylkeskommune.