Fjelldansen - regionalt kompetansesenter for dans

Fjelldansen er eit regionalt kompetansesenter for dans i Valdres og Hallingdal, drifta av FRIKAR i samarbeid med Teater Innlandet og Ål Landsdelsscene for Dans.

Fjelldansen har som mål å auke kompetanseutviklinga i koreografikunsten og å styrke produksjons- og formidlingsvilkåra for dansekunst i området. 

Fjelldansen er eit prosjekt som skapar ein lokal og global møtestad for dansekunst i Valdres og Hallingdal. Kompetansesenteret er støtta av Kulturrådet, Oppland og Valdres og er det einaste i sitt slag med hovudfokus på møtet mellom samtidskunsten og den lokale tradisjonsdansen. Fjelldansen står årleg bak:

Residensar for dansekunstnarar av internasjonal kaliber.

Kompetansehevande verkstader for profesjonelle og framtidige profesjonelle dansarar. 

Nettverksmøte mellom ulike residensstader, scener og dansekunstnarar.

Koreografiske forskningsprosjekt som meislar ut nye moglegheiter å byggje vidare på.

Kunstnarlege samtaler for å styrke det lokale publikumet sin kompetanse på dans.

Les mer om Fjelldansen her.